F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


januar 2006:

I frynser av Stavanger-songane

Baksar trøytte kråker heim.

Redningsmenn står på moloar. Blir intervjua om funn og søk. Voner dei ikkje vil spekulera i. Dei ytste skeive hyttene er som barakker å rekna. Sjå dei skunda seg å byggja dei i selskinnvantar.

Går det enno ein byting rundt. Slekter som slektar på haugfolk langt inne. Havfolk langt ute. Langt ute. Der ingen kan symja.Men alle kan ro.

Og utanfor her: Kvite forlatne hamner. Der brukte ferjer ligg, ventar og vippar. I kioskdisken i salongen: Ein siste, godt etande, Lohengrin.

Frå Kvar gong, 2003