F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


august/september 2006:
MENS

1.

Det fjerne blikket hennar.

Regn som sipar

ein annan stad.

2.

Du er godjenta mi.

Vara di påstiging, avstiging,

signa ditt dobbeldekkarhjarte,

vara dine alle stopp.


Eg ville følgja deg ut

i aude marka,

der struts og ville hundar søv,

der hybelkaninar har seg

og dei talde sauene held på,

der husa er fulle av ugler,

igler. Der pileormen klekker

egga ut. Og raggete troll

held sjau.


Men eg ventar i desse stovene,

takkar ja til påfyll og

kremtoppar med fast og senka blikk.

Til du kjem rundt og

augnar meg.


Du er godjenta mi.

Vara din nakne nakke,

vara din stutte lunter,

signa dine alle syn.


Eg ville følgja deg inn

gjennom dalstroka, opp

dei ribba fjellveggane, kravla etter

med stormkjøkken og pinnebrød,

ned skar, juv, gjel,

halda dine mange hestar,

styra dine mange spann.

Stå i siste kalde innersvingen,

med russehue og sånn cirka

rundetid og heia deg


inn. Men eg ventar her

i frukostsalen, til du kjem ned

på solsida. Med eit ekstra sett

nøklar. Og ein – sjølvsagt – ganske

førebels plan.


Du er godjenta mi.

Vara dine vende kjakar.

Signa dine siste skot.


Eg ville halda meg inne med deg,

bak solbriller, bak øyrepluggar, i

pannebandlanda, langt inn

på sminkegaleien, mellom dei

snappande kanalane. Dilta etter deg

ned såpegata, entra såpehagane,

plinga på såpedøra. Fletta meg

inn i såpekrinsane. Runda dei snakkande

rollene. Snakka for deg til kvar Tom, Dick

og Harry. Seia: Nei, ho er nok allereie

snakka for. Snakka deg bort og vekk og

frå meg, om så skal vera.

Hus og forfattarskap forbi.


Men eg ventar her

rundt tivolisvingen,

med hjartet i halsen. Sit på

treskegolvet, dinglar med føtene,

til eg ser deg i forfjamsingas lys,

for å gripa dine første smil,

fanga din prat på innpust.


Du er godjenta mi.

Signa dine lune blå sokkar.


Eg ville følgja deg inn alle

tempelportane, inn på opne

tempelplassen, der prestane

sliper knivane, testa dei usikre

leikeapparata, smaka den lett skjemte

maten. Halda rundt deg gjennom

paparazziregnet. Påraska

raseringa. Velta kaninbura, slakta

dei slappe lamma. Plaffa ned nips

og nikkedokker, bamsemums. Leir-

og turtelduepar i augekrokane.


Men eg nyttar tida til å vitja

dei heilage stadene, stundene

der du smilte mest bare

til meg. Men eg ventar her


ved munninga, på flytebrygga, her

skjøre, skire frelsa svell.


3.

Du veit; somme gonger

kan det få meg til å

skjelva (skjelva – skjelva).


Inst i mor mi, ungjenta,

si minnebok: under ein

skarlak himmel:


Ei sirlig

stripe

pur

galskap

renn

nedetter

frelsarens

vene

legg.

4.

Det fjerne blikket hennar.

Ein annan stad;

regn som sipar.

Frå diktsamlinga, Gliper, Det norske Samlaget, september 2006