F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


juli 2007
Frå ”Det indre Tasta – ei kattehistorie”:

Ein brun, liten vill kanin sit i ein soltørka lyngbakke. Og innan han rekk å skrika – har du høyrt ein kanin skrika ein kveld på ei aude, aude hei? – har katten bite han så kraftig i nakken at kaninen daudar av det. Han spreller daud ein bete innan han heng med hovudet – og er ganske ute av den vesle kroppen.
 - Eg leika ikkje med han, tenker katten. Seier det med kameraten sin, huldrekua. – Eg kverka han. Og no ligg han der, og eg tenker å eta han. Med hud og med hår, i alle fall det aller meste. Og eg veit det skal bli skikkelig godt.
-  Har no alltid lært at ein ikkje skal leika med maten, flirer huldre- kua. – Og ein smule må det no vera i det. I alle fall når me snakkar om einslige kaninar på lyngheier. Alt til si tid, seier ho og flirer ein gong til.
    Dei er gode kameratar i denne stunda. Katten kjenner det som han nett byrjar få teken på dette villmarkslivet. Kjenner det kriblar frå bringa og bak. – Du då, finn du deg noko å eta på denne tørre bakken? spør han. Medan han slafsar i seg ein ny munnfull kanin.
 - Eg? Eg har no visst ete nok i mi tid, svarer huldrekua. - Eg er gammal, veit du, som alle haugar! Og så ler ho, så magen - og juret hennar - dissar. Katten har ikkje tenkt særlig nøye over dette med jur og mjølk enno. (Og huskattar skal helst ikkje ha mjølk lenger, veit me.)
    Men kua veit kva han er ute på, mest innan han rekk å spørja. – Jadå! bare forsyn deg, du. Det var no liksom meininga, det. Ho sa såpass mye huldra òg. Du får halda han med mjølk, du då, sa huldra. Ekte huldre-mjølk, kumjølk, katt! Der borte kan me forresten ana Byhaugen. Ser du han? Over dei fire kammane.
    Det er ikkje noko vidare lys der no, ikkje som førre kvelden, natta. Bare eit lite skjelvande eitt, som frå ein fakkel eller noko. Som rører seg der.
 - Byhaugen, tenker katten. – Jo, me må nok dit.

Det indre Tasta – ei kattehistorie.
Det Norske Samlaget, 1996