F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


november 2007:
Frå ”Nils som gjekk til skogs” av Rasmus Løland

(…) Ingen visste at han hadde fare til skogs, og ingen kunne koma på å leita etter han her. Og dei kunne aldri høyra han ropa når han var så endelaust langt uti skogen. Han kunne bli liggjande hjelpelaus her heile natta …

        Heile natta … det var som denne tanken vekte han att. Heile natta! – nei, det overlevde han aldri! Han sprang opp og fór att og fram og i ring. Då fekk han eit innfall att, nett som han var på det mest vonlause.

        Om han no byrja å gå utetter ein av desse vegane, gjekk og gjekk i det uendelege, så måtte han vel ein gong koma ut or den fæle skogen og koma til folk, om han ikkje plent kom heim? Og kom han berre til folk, så gav dei vel han alltid hus og hjelpte han heim i morgon.

        Dette tende eit snev av håp i han att, og av stad sette han, utetter den eine av vegane, i retninga han meinte måtte vera heimetter. Neverskrukka sette han frå seg her, men hua heldt han fast på.

         Det var utruleg så mørke og fæle tomrom det snart blei på båe sider, og han hugsa allslags skumle soger han hadde høyrt om huldrer og skrømt, så det gjekk kaldt gjennom han. Men no måtte han ikkje snu for noko i verda, når han berre kunne berga livet. Han tok til å be Vårherre om hjelp, og las fadervåret og dei tre artiklane for å prøva å halda motet oppe. Han las til og med: ”Derfor må en biskop være uklanderlig, én kvinnes mann.” Det var liksom mon i det òg. Og han lovde det, at han ikkje skulle bry Vår Herre med å be om noko meir på mange veker, om han berre ville hjelpa han denne gongen. Han skulle heller ikkje koma til denne fæle skogen meir i all si levetid, han skulle aldri vera nøydd til å be om hjelp her att. At han nokon gong hadde kome her! Ikkje noko levande menneske skulle koma til ein slik skog. Kvifor hadde han ikkje vore redd  for å gå aleine no som før?

Frå forteljinga ”Nils som gjekk til skogs”, frå  Rasmus Løland:  Gutar. Samlaget. 2007.
(Språklig gjennomarbeidd av Arnt Birkedal.)