F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


mai 2008
HO ER BLITT BORTE

Ho er blitt borte i ein ekspedisjon til
Sørlandet, blant alle dei høge, kjegleforma
fjella der. Ho skulle klatra høgt til topps i alle
toppane innetter, ein etter ein. Og så dala
djupt ned i fallskjerm. Eg og ein bror og ein
(gute-)venn av henne blir sette på saka. Eg
er den ivrigaste. Spør meg fram på alle gardane
på sletta der, der bøndene leier meg gjennom
tuna, stansar ved stabbursnova, peikar bort i
skodda. Medan dei to hine sit i brakka, i
naustet og spelar kort. I slutt-scena går eg

og ropar – på henne – utover havet. Somme tider
grip eg meg i å ropa feil namn. Då snur eg meg,
unnskyldande, blaut i sokkane, mot dei innpå
land. Det tar alltid litt tid for namn i draume
å festa seg.

 

Frå (Og ho andre). 1999