F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


juli 2008
HYTTA ER EIN ANNAN STAD  (3)

 

Hytta er ein annan stad.

Det er vanlig

å køyra seg vill

dit,

 

hit – ja då, ja då, me er komne

heile fram – i alle fall

 

44 gonger. Det tar si tid.

Ein lyt bretta opp ermane,

rulla ned ruta.

Venda på kartet og skillingen.

Bakka og klø seg i hovudet.

Ha klar reie blodpengar, skiljemynt.

Rasa og spytta i hendene.

Luska og tuska parkeringsplass.

Rulla på r-ane. Vrenga det

vonde auget.  Utveksla

svovel og galle.

Prata agefull skit med ferjemannen.

 

                    Frå Hytteboka, 2007