F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


oktober 2008
Slaget i Hafrsfjord

Slaget i Hafrsfjord. Dei to-tre holmane der ute. Hovud som bølga på vatnet, i lengre
tid etterpå. Ein småkonge, ein tjukk ein, som mista buksa og sprang bortetter vegen.
Mot Sola? Eg mintest ikkje så nøye. Det gjekk så mange historier rundt.
      - Høyr kor blikkstilt her er, sa Bergfrid då me stod ytst på Marinebrygga, med
magane mot fjorden. – Dei gamle, daude vikingane hans Harald Hårfagre bråkar
meir einn alle desse gassegastane til saman!
        Eg prøvde å lyda utover, men var nok helst halvredd for at nokon, ein marine-
gast eller to, brått skulle runda det grøne, lange huset (båthuset?). Spørja: - No,
ungar. Kva gjer de her? Åleine midt på dagen.

 

Frå Inst inne. 1994