F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


januar 2010:
EIT KORPEPAR


Eg gjekk og rusla og blei var

eit høgmælt, svolte korpepar.

Og ein korp kremta, sa som så:

”Kvar et me middag, veit du råd?

Kvar et me middag, veit du råd?”


”Eg veit ein riddar la seg daud

i gjørma bakom neste haug.”

Veit nokon han er laus for liv?”

”Bare hauken, hunden og hans viv,

hauken, hunden og hans viv.


Og hauken flaug til jakta att,

hunden veidar i eit kratt,

kona har ein annan kjær.

Me kan eta godt og lenge der,

me kan eta godt og lenge der.


Du sit på beina i hans bryst,

eg plukkar augeepla fysst,

med lokkar av hans gule hår

blir reiret mjukt og tett i vår,

blir reiret mjukt og tett i vår.


Og mange fleir får nytta seg,

ingen veit kvar han tok veg.

Til sist ligg bare beina att

der vinden ular dag som natt,

der vinden ular dag som natt.”






Twa Corbies (trad. vise). Henta frå Steeleye Span: Hark! The Village Wait, 1970



Frå To veker sist sommar, 69 songar, 1999