F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


Juli 2011
BRUA VED KNARESBOROUGH BY

 

Ja, legg du vegen om Knaresborough by,

leit opp ei kvinne, hels ifrå meg,

i gilde kjolar, ven, stolt og kry,

går ho støtt brua ved Knaresborough by.

 

Elva renn gjennom dagar og år,

der vår blir haust, og aftan gry.

Og folk dei kjem, og folk går bort

over brua ved Knaresborough by.

 

Og finn du ei i mengda der,

del med henne utan å kny

den vonde spådommen som står

og fell med brua ved Knaresborough by.

 

For ord blir sanning; brua ho fall

to fulle gonger. Fell ho på ny,

kan inga verd, skal inga tid

halda fast henne eller Knaresborough by.

 

 

Chris Simpson:

The Bridge at Knaresborough Town

 

 

Kommentar:

Chris Simpson, frå Yorkshire, er verkelig ein av slitarane I folkrock-bransjen. Sidan sist på 60-talet har han vore frontfigur i bandet Magna Carta. Dei turnerer framleis meir enn dei aller, aller fleste. Og har trufaste fans i land som Nederland, Norge og Dei arabiske emirata. ”Knaresborough Town” er opningssongen på albumet Songs from Wasties Orchard frå 1971. Den spelar på dette med Mother Shipton (1488 – 1561), Yorkshires svar på Nostradamus. Ho såg bilar, fly og krigar, og skildra det i vers. Ho såg òg verdas undergang: ”When the high bridge is thrice fallen.” Brua har ramla to gonger allereie.

Frå Hynsahus, 45 songar, 2004