F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


september 2011   


Ei øy, eit klasserom, ei tavle


LA STÅ!!

1.

Juni månaden går mot slutten. Midt på øya står det vesle, gamle skolehuset med sine kostbare nye tilbygg. Vaskehjelpa glyttar inn døra med ”Sjuande ” på. Ho vil kikka innom dette klasserommet endå ein siste gong før ho tar seg ferie og kveld. Sjølv om ho godt veit det er utlufta, ryddig og reint.

Reint, ja. Men tavla er full av teikn eller teikningar i sirlige, fargerike rekker. Det kan sjå ut som om læraren har nytta kvart einaste fargekrit han fann i dei slitne eskene i kateterskuffa. Som om han riktig har tynt livskiten or dei, krita, der han har stått og smurt tjukt på.

La stå!!” står det skrive med luftig løkkeskrift øvst i eine hjørnet.

La stå!!” står det. Og då skal vaskehjelpa forstå at det læraren og klassen hans meiner med dette, er at desse rekkene med rare teikn skal bli ståande på tavla inntil vidare. Til nokon seier frå, eller stryk beskjeden ut. Dette skjønar vaskehjelpa, ho har vore inne ein sommardag før.

Så ho gjer det løkkeskrifta seier, ho lar tavleteikna stå.



2

Ho lar dei stå til over Sommaravslutninga, dette glitrande klasseshowet. Når alt som kan krypa og gå finn seta sine i den nye hallen og gir seg ende over.

Publikum lar seg imponera over det førsteklassen får til, over alt andreklassen har kokt i hop og over det tredjeklassen har sydd saman. Når fjerde- og femteklassen entrar scena etter pausen, har mange gått lei. Spedbarn har byrja å skrika, besteforeldre søv. Det er knapt nokon der i salen som stussar over at Sjuande sitt innslag manglar.


3

Det læraren meiner med ”La stå!!” denne gongen, tenker vaskehjelpa, er nok at dette skal stå til over sommaren. At dette er noko klassen skal ta fatt på straks dei kjem tilbake til skolen att første dagen etter ferien.

Det er ein lærar som har ei meining bak det meste, dette. Det har ho sett, det har ho høyrt frå andre i bygda her. Han kom liksom med noko nytt og annleis til øya der i havgapet, denne læraren, blir det sagt. Han syklar og går sine eigne vegar. – De veit, det er ikkje alt me forstår, seier dei til kvarandre, mødrene, på butikken. – Men så er det vel ikkje meininga at me skal forstå alt heller? seier dei og ristar på hovuda sine.

Vaskehjelpa lurer på om ho skal spørja rektor for sikkerheits skuld. Men tenker at: Så viktig er det no ikkje heller. Ho vil ikkje forstyrra han. Han sit vel på kontoret sitt og balar med kabalar han vil ha til å gå opp.

La det stå, bare, tenker ho. Så kan han heller viska det ut sjølv, læraren, når han ser innom skolen og rommet sitt. Det er liksom ikkje hennar greie å blanda seg inn i teikningar på ei tavle.

 


Dei første tre sidene av La stå!! Wigestrand Forlag, hausten 2011