F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


november 2011   

 


EI ARMHOLE AV NATTA (St. Paul de Vence)

Knollane knollar seg, lundane
lundar seg. Hjartet mitt trøytnar og
trutnar. Natta sukkar og

sluttar seg, som ei mjuk, sval
armhole. Eg grip meg i å tenka: La den bare
senka og setta seg, denne kuppelen, som
kvelvar seg over sikadeterrassar no. Til eg tar
all mi tilflukt i denne unektelige, ukrenkelige

underarmsjarmen. Til eg ser alt og alle i
glans av denne velprøvde, veldreidde
fasongen som rommar alle rundane
tid. (Den heilage familie daffa nett
gjennom landsbytunet, bocciaspelet.) Mosesen

såg Herren sin Gud sin tyrenakke, der denne
rørte seg bardus gjennom kløfta der Moses stod
klar med steinkakesett volum 2. Mitt skjegg blir
verdig, grått, ved at eg døsig dvelar endå ei natt på
ein knoll under Vår Frue si raust krydra armhole.
Eg aner templa hennar, aner aftansongen.

Eg ser mine næraste, siste, gjennom
mjukslitne portalar og skyteskår,
gjennom lyfta, runde glas.

Henta frå Sinus, 2011