F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


februar 2012

Leika Robin Hood i trea

Midt i Stokkavatnet ligg denne djupe, breie holmen. Når det er is på vatnet, kan du skøyta heilt, beint ut til han. Eller, viss det blæs, bare la deg skuva av vinden. Bare stå over vatnet. Så blir du ikkje så gyselig øm i beina. Må bare passa på å setja deg på rumpa ein tanke innan du er framme.
    Så er det bare å leika Robin Hood i trea. Sherwood-skogen i vinterskrud.

Me bestemte oss for å finna fram skøytene, for å gå nedetter mot Stokkavatnet. Der isen var trygg nok til å skøyta på. Så bestemte me oss for å gå heilt ut til holmen. For å la oss blåsa, skli over. Heile djupe Stokkavatnet under kroppane våre. Det var eg, Robbie, Reidar, Bjørn Sigmund, Njål – og ein til? Me hadde tjukt av bruspulver på lommene.
    Kven av oss skulle vera Robin Hood der ute? Kven skulle vera Vesle John, den trufaste følgjesveinen. Og kven skulle vera den vonde sheriffen av Nottingham. Me valde ikkje eller noko. Alt bare blei slik det måtte.
     Eg kan ikkje fortelja korleis me leika – eller kva. Eg var jo heilt vekke der. Var jo ikkje meg. Var ein ganske annan ein i ei ganske anna tid. I ein skog i mellomalderen. I februar månad. Eg kan ikkje fortelja kven som venta på meg i skuggane bak normannarborga. Kva me var ute på – når mørkret brått byrja falla. Og det var middag snart, på andre sida av vintertida, golfbanen.

 

Frå Øya bortanfor den til King Kong. Tekstar. 1995