F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


april 2012   

PROSPEKTKORTKNIPSAREN FÅR SISTE ORD

Kva eg såg, kva eg ana? Som eg seinare
følte eg måtte tusjera og retusjera, få klarare fram?

Vel,
kalla det minneslør,
kalla det smørside,
kalla det skingrande solskin,
flaskefôr, silkeføre,
kalla det tidsånd,
om de heller vil,
alvedans, nissestrø, ferist,
kalla det vakande, ventande
draum,
kalla det grunnbete-
glød eller grunnbete-
kvervling,
kalla det skraverte felt,
kalla det jentelus.

Kalla det jordbinding,
kalla det indianarpipesæle,
kalla det sjele-
og nabolag, skinn, ja,
og daude,
kalla det grinebelte,
nettverk av frikort og
sjukemelding,
kalla det biverknader,
kalla det tungrodd REM,
daudsaugneblinkanes
etterskjelv,
kalla det skjønnas-ørske,
kalla det viskelêrfjon,
kalla det jentelus.


frå Sinus, 2011