F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


Mars 2014


DUNDERMUNNEN (Den magiske hunden)

Mens byen sovna søvnig,

stod denne guten opp

for å finna desse daude

som enno lever topp.

 

Han pakka inga niste,

men tinga bord for to,

i fall ein liten dvergsling

sat einsam på ei kro.

 

«Eg treffer dundermunnen

og kråka som treng rens,

den sprelske lusehofta

og gamle onkel Jens!»

 

Han pakka reine sokkar

i veska han tok med,

pluss kladdebok og blyant

og byrja klatra ned.

 

Og hunden venta ute,

heilt svart og krulla òg.

Og flaug han andre klasse,

han såg kor landet låg.

 

«Eg tar farvel med dette,

men ein ting før eg snur:

Ro båten din forsiktig!»

sa hunden. «Så: God tur!»

 

«Takk for alt, min fine venn,

det skal eg, kan du tru!»

Og båten glei mot landet

mest utan skrekk og gru.

 

Og guten lo: «Så løye!»

Det virka jo så sprøtt.

Då årene sklei unna, kom

eit lite fugleknøtt.

 

Det sette seg på hovudet

til guten: «Om eg kan?

Eg er nemlig komen

for å losa deg til land.»

 

Jøss, tenk deg, tenkte guten.

Jøsses, sku’ du sett!

Ein fugl som snakkar nynorsk

er ikkje vanlig nett!

 

«Kva fugl er du, min herre?

Tør eg spørja med respekt

– om det ikkje er for mye –

men kva slag slag og slekt?»

 

«Ein dundermunn», sa fuglen.

«Kva seier du no, kva?

Med beste settet fjøring.

Du burde vera glad.»

 

«Det burde eg, eg burde,

viss bare – ikkje le,

men saka er, herr dundermunn,

eg skjelv som bare det!»

 

«Nei, høyr no her», sa fuglen,

«er alltid vennlig, eg

er inga blåveis-spette.

Nei, eg skal losa deg.»

 

Og snart kom land i sikte,

eit syn for fint for namn.

Ei øy blant mange auge

som ser deg trygt i hamn.

 

«Hardt til babel!» sa eit tre,

«Og splitte dine seil!

Og knake dine master!

No er du her heilt heil!»

 

«Eg er vel ikkje venta»,

sa guten, «vil eg tru?»

«Sjølvsagt!» sa ei greie

som likna på ei ku.

 

«Me har smett på kjelen»,

sa eit eple frå eit tre.

«Få hit ein pose venner,

no er det tid for te.»

 

Eit måltid te med tre og hund

er knapt eit vanlig syn,

i alle fall når hunden

var den du flaug frå by’n!

 

«Og korleis har du hamna her,

min gode krusedull?»

«Som du, med båt», sa hunden

ut tåka med eit ul.

 

«Fortel meg, gode venner,

ja, før eg vaknar opp:

Kor er dei, desse daude

som enno lever topp?»

 

«Det kjem nok», sa ei gulrot.

«Me stressar ikkje, sant?

Forsyn deg av salaten,

så slepper me deg grant!»

 

«Av garde no, av garde!

Må ikkje sovna no!»

Han skimta i det fjerne

ei gruppe på minst to.

 

Han nærma seg på avstand.

Han såg det var ein flokk.

Dei dreiv og grov i bakken

og reiv av svære lokk.

 

«Kva grev de etter, brøder?»

spurde han, heilt med.

Og før dei svara, såg han:

Dei grov einannan ned.

 

Ja, faktisk tok dei skiftevis

og skufla, utan ord,

til hovuda av nære

og fjerne stod i jord.

 

Og for eit syn, eg meiner …

Han lo ut lått i fleng.

Og før han skjøna bæret,

så samla han ein gjeng.

 

Dei lyfta spadar lydlaust,

og moldspruten slo lens.

Dei grov han ned i bakken

i lag med onkel Jens.

 

«Eg bad deg ikkje komma hit»,

sa onkelen, litt rar.

«Eg måtte komma, onkel.

Du er all den venn eg har.»

 

Dei veksla, hovud over,

dei siste avskjedsord.

Og folket heva røysta,

sa: «Her er meire jord!»

 

(Og det skal eg helsa og seia det var.)

(etter John Lennon)



Henta frå «Dikt i utval», Wigestrand, 2013