F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


Juli 2014

– Lillesand, Grimstad, Arendal, Tvedestrand, Risør!

         «Lille, grimme Arne trenger ris!» seier mora mi på det fine bymålet ho gjerne brukar

når ho har ei lekse ho vil læra meg. Når me to skal repetera noko. Då kan det plutselig

bare vera to stramme kjønn i talen hennar: han- og inkjekjønn. Slik det gjerne er i dei

store byane.

          – Lille, grimme Arne trenger…

          Dette må me kunna. Skal me hugsa å ta av på rette plassen, for å sikta oss inn imot

hytta vår. Og ikkje køyra altfor langt austetter, og hamna ein stad borti Sverige eller der,

etter å ha køyrt rundt og rundt i travle Oslo-trafikken. Seier mora mi, ho flirer. Men panna

er liksom litt streng.

         – Kvifor ikkje «tvettar ris», seier eg, etter ei stund. – Det heiter då ikkje «Trenge-

strand!»

         - Tvetta? Vaska, altså?

         – Ja, det heiter det jo på svensk òg, det, svarer eg. – Så blir det lettare for svenskane

òg å læra seg dette!

        Eg prøver å seia ramsa på svensk: «Lilla, grimma Arne tvettar ris», med avrunda

svenske r-ar. Men så kjem eg på at svenskane må jo køyra den motsette vegen, dei,

for å finna skogen med vatnet der hytta vår er.

        – Tvettar, du, seier mora mi. – Kanskje det, ja.

        – Det er jo ikkje lov å risa grimme ungar lenger, seier eg. – Og det er heller ikkje

lov å setja dei ut på skogen.

 

                                                      Frå «Svalesukk», Wigestrand Forlag, hausten 2014