F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


November 2014

Mennesket blei til «ei levande sjel» stod det i biblane før, seier oldemora mi vidare.
Eg har sjekka. No står det «levande skapning». Same uttrykket, sjel eller skapning, blir òg brukt om fiskar og dyr, står det i forklaringa nedst på bibelsida. Av alle dei slaga landjorda og havet kryr og yrer av. Og alle slag fug lar med venger. Herren Gud bles i byrjinga livspusten sin inn i dei, og dei blei til sjeler og skapningar.
«Og Gud såg at det var godt», står det i biblane no.
– Gud såg det var såre godt, seier oldemora mi. Så det stod det nok i dei riktig gamle biblane, vil eg tru.
Såre godt; sårt og godt. Det er liksom endå litt betre, det. Betre og sårare. Sårt og sabla godt på same tid. Det er slik eg ofte kjenner det, eg òg. Eg kjenner det her, her i sida mi. For eg har liksom eit ope hol her i beingrinda, midt i ribbeveggen, kjenner eg. I dette fuglebrystet. Eit trekkfullt spjeld. Der eg merkar alt slikt. Alt sårt og alt godt. Vakre jenter, falma hytter, mjuke søkk og kav og utsikter.

Henta frå «Svalesukk», Wigestrand, 2014