F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


April 2015

 

Me går ned gata der rock’n roll blir pop.
Frå eine stova etter den andre høyrest
høg vibratosong, den djupt kristelige:
Viss du ikkje ligg med meg no, altså,
tar eg hatten, og stikk!
Me gløttar så vidt det er inn folkegrinda.
Ein lun, ljuvlig vind av ku og gras og
blom slår imot oss.
Smålamma sprett, kåte, brå.
Ungsveinen tar deia ømt på gaukereiret,
finn og klappar den vene, brune
hareungen hennar.
Me luntar ned den støvande
køntrivegen.
Biggaen pissar i smauet der dei to
retningane møtest.
Eg grip meg i å småplystra.
Då Waylon brått står i saloondøra,
smiler skeivt.
Brummar Looking for Suzanne.
Og me er inne i den rumlande roa hans.
Atter innan denne brune, trygge over-
gangen.

Frå «Dyffel», 2005