F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


KNOLL OG TOTT

 

På ei aud øy,

i ei vindstille verd,

i ei rydda rute

av ein hage,

mellom bølgjande, grøne bakkar,

trimma tre,

løve og kenguru,

 

lever verdas eldste

teikneserie. Me

vitjar den bare

ein gong i året. Ser om det

står til liv. Finn at

det er nett like grønt, mjukt og

vindstille. Øya er

 

like aud. Ei godtruande

mor set ei suppe til kjøling. Eit

esel spring ut. Grisepurka et,

ho har kapteinsjakke på, ein

snorkande meklar skal straks

mangla skjegg.

 

 

Frå «Dikt i utval», 2013