F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


EG SØV FRAMPÅ


Utsoven, søv eg

frampå

for å
purra mine pirar,
klarera mine

brurejenter, sjå til
dei har olje til lampane
sine, sjå til dei har
trimma veikar,

for å tøya
mine lyster,
stetta mine håp,

for å skjerpa mine
hushjørne, festa
mine tomter, for å

helsa, helga,
heimla
mine heidningar,

kveika,
komponera
mine kråker.

Frå «Geografi», Wigestrand Forlag, mai 2016