F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


November 2016:



MÅNE, 4044 HAFRSFJORD


Eg trur på månen
som brukar
heile blanke onsdagskvelden
på å flytta seg

frå Astrid si gate
til Ragnhilds, litt lenger
nede i Marka, der han

kan henga
fast
heile timar
i ei grisgreina eik.
Dilla der, skjelva.
Før han kan

riva seg laus, og
lyfta seg høgt
over
Hafrsfjorden. Og sigla
skeivt
flirande
vekk.

 

Henta frå «Geografi», Wigestrand Forlag, 2016