F O R F A T T A R



©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


Juni 2017:

ME REISER OM NATTA

Me reiser om natta,
gjennom dei dryge landa;
Syngeland,
Klappeland,

Prompeland,
Hadeland. Ha det!
Ha det! Geispar oss
gjennom ei togsettverd, duppar

i svingane av pappmasjé, passerer
leikestover,
betlehemsstallar,
eineståande tun,

små hus som
står aleine ute,
med ein husmann
i lusekufte
og ei diger varm
lyspære inni. 

 


Henta frå «Hytteboka», Samlaget, 2007