F O R F A T T A R



";
Hent bilete";
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

August 2018:

I TRØNDELAG

 

I Trøndelag heiter folk
Lundan og Lian,
slik det jo er
langs dei trønderske stian.

I Trøndelag heiter folk
Skogan og Gloppan,
slik det jo er
bak dei trønderske toppan.

I Trøndelag heiter folk
Elvan og Bekkan,
dei klukkar, dei renn
ned dei trønderske brekkan.

I Trøndelag heiter heiter folk
Stokkan og Stubban,
dei slengjer seg nedpå,
dei trønderske gubban.

I Trøndelag heiter folk
Husan og Hagan,
det tenker eg på
på dei brattaste dagan.

I Trøndelag heiter folk
Lian og Lundan,
det tenker eg på
i dei flataste stundan.  


Nytt, ikkje tidligare publisert.