F O R F A T T A R



";
Hent bilete";
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

I 2005 gav sjefsredaktør Guri Vesaas i Det Norske Samlaget meg ein bunke Løland-tekstar og spurde pent om eg ville gå gjennom dei og ”modernisera” språket med tanke på utgjevingar på Samlaget i jubileumsåret 2007 (jubileet: 100 år sidan Løland gjekk bort). Tre bøker skulle det visa seg å bli av dette: Samlinga Gutar, biletboka Kvitebjørnen og Kor vart det av jula.

(…)

Eg skreiv meg gjennom tekstane fleire gonger og dvelte så lenge inni dei at eg følte eg var der, i Løland-land, med heile meg. Eg kjende vinden i håret. Då eg kom til Løland-garden ved Hylsfjorden sommaren 2007, for å få med meg den offisielle opninga av Løland-markeringa, fekk eg eit slikt déjà vu, dei kallar.

(…)

Å oppdaga Rasmus Løland er mi største litterære aha-oppleving sidan eg var ung og svolten på ny norsk litteratur – og oppdaga Vold, Nyquist, Gunnar Lunde, Eldrid Lunden, Dag Solstad, Einar Økland og dei.

AB i ”Draum og tullskap”, 2011

 

AV LØLAND:

OM LØLAND:

Klikk på ei bok!
Kvitebjørnen, Rasmus LølandGutar, Rasmus Løland Kor vart det av jula? Rasmus Løland

Draum og tullskap

Ramus Løland:
Gutar
Samlaget, 2007
Illustrert av Åshild Irgens

Boka inneheld forteljingar først publisert i bøkene ”Ungar” (1882), ”Smaagutar” (1897),

”Det store nasehorne” (1900) og ”Kvitebjørnen” (1906).

Innhald:

Bjednekniven 7
Bekafanten og den store ormen 19
Det store nashornet 34
Ein fisketur 40
Lensmannen 48
Prestedagen 53
Veren og tordivelen 59
Kvitebjørnen 66
Hunden og katten 80
Nils som gjekk til skogs 98
Guten og grisen 111
Vårblomsten 119
Då ho bestemor fall ifrå 135
Striden om himmeriket 143
Isfossen og vårblomen 152

Etterord av Harald Bache-Wiig 158

Tekstutdrag – frå ”Nils som gjekk til skogs”:

Heile natta … det var som denne tanken vekte han att. Heile natta! – nei, det overlevde han aldri! Han sprang opp og fór att og fram og i ring. Då fekk han eit innfall att, nett som han var på det mest vonlause. Om han no byrja å gå utetter ein av desse vegane, gjekk og gjekk i det uendelege, så måtte han vel koma ut or den fæle skogen og koma til folk, om han ikkje plent kom heim? Og kom han berre til folk, så gav dei han vel alltid hus og hjelpte han heim i morgon. Dette tende eit lite snev av håp i han att, og av stad sette han, utetter den eine av vegane, i retninga han meinte måtte vera heim-etter. Neverskrukka sette han frå seg her, men hua heldt han fast på.

(frå sidene 104, 105)