F O R F A T T A R



";
Hent bilete";
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

I 2005 gav sjefsredaktør Guri Vesaas i Det Norske Samlaget meg ein bunke Løland-tekstar og spurde pent om eg ville gå gjennom dei og ”modernisera” språket med tanke på utgjevingar på Samlaget i jubileumsåret 2007 (jubileet: 100 år sidan Løland gjekk bort). Tre bøker skulle det visa seg å bli av dette: Samlinga Gutar, biletboka Kvitebjørnen og Kor vart det av jula.

(…)

Eg skreiv meg gjennom tekstane fleire gonger og dvelte så lenge inni dei at eg følte eg var der, i Løland-land, med heile meg. Eg kjende vinden i håret. Då eg kom til Løland-garden ved Hylsfjorden sommaren 2007, for å få med meg den offisielle opninga av Løland-markeringa, fekk eg eit slikt déjà vu, dei kallar.

(…)

Å oppdaga Rasmus Løland er mi største litterære aha-oppleving sidan eg var ung og svolten på ny norsk litteratur – og oppdaga Vold, Nyquist, Gunnar Lunde, Eldrid Lunden, Dag Solstad, Einar Økland og dei.

AB i ”Draum og tullskap”, 2011

 

AV LØLAND:

OM LØLAND:

Klikk på ei bok!
Kvitebjørnen, Rasmus LølandGutar, Rasmus Løland Kor vart det av jula? Rasmus Løland

Draum og tullskap

Rasmus Løland:
Kor vart det av jula?
Samlaget, 2007
Illustrert av Espen Friberg

Romanen/forteljinga ”Kor vart det av joli” blei først gitt ut i 1894.

Forteljinga byrjar slik:

På ein haug langt oppmed vegen stod tre gutar og hoia og song og såg nedetter. Dei høyrde heime på ein av dei øvste gardane i grannelaget. Sjølve garden låg løynd bakom haugane, men herifrå kunne dei sjå langt nedetter dalen mest til kyrkja. Og i dag var det nok litt av kvart å sjå etter. Det var julaftan og lei mot kvelden. Nedetter alle gardane hadde dei hengt opp kornband til fuglane, og hos skulemeisteren nedpå moen blafra eit flagg. Det fór køyrarar opp og ned på alle vegar og på isen på vatnet. Folk fór att og fram mellom husa, og her og der tok dei alt til å skyta inn helga. Då spruta det liksom eld og glør, så var det stilt ei lita stund, før det tok til å braka i alle fjella dalen rundt, og til sist døydde det av langt aust i Lidfjella. Dei sette i å ropa for kvart skotet, dei tre gutane, og svinga med luene.