F O R F A T T A R



";
Hent bilete";
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk
Antologiar Prisar BirkeArkivet
Songar Rasmus Løland Startsida

I 2005 gav sjefsredaktør Guri Vesaas i Det Norske Samlaget meg ein bunke Løland-tekstar og spurde pent om eg ville gå gjennom dei og ”modernisera” språket med tanke på utgjevingar på Samlaget i jubileumsåret 2007 (jubileet: 100 år sidan Løland gjekk bort). Tre bøker skulle det visa seg å bli av dette: Samlinga Gutar, biletboka Kvitebjørnen og Kor vart det av jula.

(…)

Eg skreiv meg gjennom tekstane fleire gonger og dvelte så lenge inni dei at eg følte eg var der, i Løland-land, med heile meg. Eg kjende vinden i håret. Då eg kom til Løland-garden ved Hylsfjorden sommaren 2007, for å få med meg den offisielle opninga av Løland-markeringa, fekk eg eit slikt déjà vu, dei kallar.

(…)

Å oppdaga Rasmus Løland er mi største litterære aha-oppleving sidan eg var ung og svolten på ny norsk litteratur – og oppdaga Vold, Nyquist, Gunnar Lunde, Eldrid Lunden, Dag Solstad, Einar Økland og dei.

AB i ”Draum og tullskap”, 2011

 

AV LØLAND:

OM LØLAND:

Klikk på ei bok!
Kvitebjørnen, Rasmus LølandGutar, Rasmus Løland Kor vart det av jula? Rasmus Løland

Draum og tullskap

Rasmus Løland:
Kvitebjørnen
Samlaget, 2007
Biletbok, herlig illustrert av Åshild Irgens

Boka inneheld forteljinga ”Kvitebjørnen” (noko forkorta) først utgitt i samlinga ”Kvitebjørnen” i 1906.

Tekstutdrag:

Ja, så gjekk kvitebjørnen endå eit stykke til og kom til Nordavinden; han budde der tett attmed Nordpolen. Der var det så kaldt at det hang store istappar på alt du tok i, og spyttet fraus til is før det kom ned på marka. ”Huff, det er reint så eg kjenner kor kaldt det er,” sa han Andres og tok til å blåsa seg i hendene, og han Kolbein måtte snart gjera det same, det var så hustrig her på Nordpolen. Ja, så bad kvitebjørnen Nordavinden då om han ville ta dei med seg sørover, og det lovde Nordavinden straks. Men i dagkunne han ikkje gjera det, for han var ikkje ute på blåsing no, han måtte feira jul han òg i dag.

(side 17)