F O R F A T T A R



";
Hent bilete

CV

Oppdrag
©2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


CV:

ARNT BIRKEDAL (fødd 1959)

er utdanna lærar, jobba i grunnskolen frå 1982 – 1997.

har (pr 2014) skrive 32 bøker - dikt og prosa - for alle aldrar.

er representert i mange antologiar, og i ei lang rekke lesebøker for skolen.

har sete i Det Litterære Råd i Norske Barne- og Ungdomsforfattere - NBU - i 6 år (2001 – 2006). Og har altså lese alle dei norske b-/u-bøkene som kom ut desse fem åra.

har mottatt fleire prisar – mellom anna Teskjekjerringprisen, Rasmus Løland-stipendet og Samlagsprisen.

er omsett til tysk.

har vore på skuleturnear frå Troms til Agder, frå Rogaland til Østfold, på alle trinn; frå førskule til høgskule.

har halde skrivekurs frå Troms til Agder.

har «modernisert» språket i tre Rasmus Løland-bøker på oppdrag frå Samlaget.

har gjendikta John Lennon, og annan engelsk pop /rock,

har skrive songtekstar på oppdrag frå Vamp, Aftenlandet, Tenorane, Annbjørg Lien, Jan Ingvar Toft, Johan Egdetveit, Ryfylke Visegruppe med fleire.
       Desse kunstnarane, artistane, og fleire andre, har òg sunge dikt henta frå bøkene hans
inn på plate / CD.
        Mellom dei mest kjente songane er: «13 humler», «Sirkus av lys», «Fuglane vett», «Jentene på landet», «Ekorn over veien» og «Vie dagen min te solå».

er medlem av NBU, DNF, NOPA og TONO.

har «Stipend for etablerte kunstnarar».

er ikkje å finna på Facebook.

kan brukast til det meste.

Klikk her for Oppdrag