F O R F A T T A R



       © 2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


Untitled Document GLANSA AV JUL (Julaftan etter gåvene)

På CD med Astrid Kloster Særvoll, 2003.
Publisert i Hynsahus, 45 songar, 2004.


Glansa av jul;

barndommens hage, hekk og port.

Stansa av jul;

kvar ein veg eg lengta bort.

Lysande løyper over åsrygg og nut.

I tende ruter står ei jente, ein gut.

Står i glans.


Glansa av jul;

månen finn nysnøringen att,

kransa av jul

og ei stille, stille natt.

Villdyra spaknar, dei held seg i skinn.

Moskusen lutar mot snøfokk og vind.

Står i glans.


Klappa og klar:

Kvar vesle kai langs stripa kyst.

Opna for svar.

Den nye snøen har knapt dryst.


Jula til han,

han som eg fann og fekk slik kjær.

Draumen finn fram

no når eg veit nett kvar han er.

Jula til alle eg ein gong har kjent.

Bruer eg rekna som borte og brent

står i glans.


Sist eg såg ut

så strauk ein engleveng forbi.

Sist eg såg ut

av kalenderluka mi.

Går ned i stova der stilla er satt.

Hentar den boka og seier god natt.

Står i glans.

Jula 2002 inviterte NRK Rogaland Astrid Kloster Særvoll og folkpopgruppa Tramps
til å laga kvar sin julesong. AKS gav uttrykk for at ho gjerne ville at denne forfattaren skulle skriva teksten. AKS laga den vakre melodien først, og nynna den inn på telefon-svararen min. Eg var på ein liten turné nett då, og måtte ringa heim kvar gong eg trong å høyra melodien. Eg finn det lettare å skriva songtekstar når eg er ute og reiser, på flyplassar, venterom osb. Der er det ingenting som forstyrrer, ein kan halda på melodien og rytmen til noko er krota ned på papiret. Alle partar var nøgde med resultatet. Og de i kringkastinga, de kan godt spela denne meir! Den toler det. Forresten: Det einaste eg
visste måtte vera med i teksten då eg sa ja til å skriva den, var moskusen i strofe to. Den
henta eg frå novella eg skreiv for boka Under påskemånen i 1997. Resten av songen
er i nær slekt med diktet ”Julaftan etter gåvene” frå Eg kan godt lika deg, 1991.