F O R F A T T A R



       © 2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


Untitled Document BARE BARE


På CD med Aftenlandet, 2005.

Det er bare bare.

Kan skje nokon kvar, det

blir sløkt og stengt.

Me veit om kyststriper

av minne og av lengt.


Det er bare bare.

Veit, ingenting varar.

Det er ei simpel sak,

Og gå ut denne døra,

legga bak.


Han skriv ingen lapp.

Det går trinn i ei trapp,

så; eit klikk i ein port.

Natta er døv, sjølv englane søv.

I ei vending er det gjort:

å grabba med seg hjarta sitt og dra,

å grabba med seg hjarta sitt og dra.


Minnest eit vindfang,

Hugsar ein dørglytt,

ei seng, ein munn,

ja, og ein kjellarpub av lått

i Haugesund.


No går han, han går.

Han nølar litt, står.

Men samlar seg snart.

Tenker: Dette er mitt. Og: No er me kvitt.

Mens han er i sving og fart.

Og grabbar med seg hjarta sitt og drar,

grabbar med seg hjarta sitt og drar.


Kråker i trea byrjar å lea seg,

det er kvar mann på sin post.

Dagen seier strengt: Vel, så var det oss.

Dagen seier strengt: Så var det oss.


D’er bare bare,

legg trøstig av garde.

Er det stengt og sløkt,

må him’len summa seg

ein straks før neste økt.


Tida blir knapp.

Det går trinn i ei trapp,

så: eit klikk i ein port,

Natta er døv, sjølv englane søv.

I ei vending er det gjort;

å grabba med seg hjarta sitt og dra,

å grabba med seg hjarta sitt og dra.

Aftenlandet ville ha ein ny melodi på samleplata si, ”Det beste fra Aftenlandet”, 2005.
Og det blei denne. Teksten er basert på diktet ”Eg ligg øvst, ytst ute”, som først blei publisert i boka Kva er i vegen på Bryne? (Bryne Offset, 2004). I 2006 er diktet òg med i samlinga ”Gliper”, utgitt på Det norske Samlaget. Ein song - og eit dikt - om ”å gå frå sin madam midt på natta”, som eg gjerne seier når eg les det opp. Songteksten er skriven spesielt til Sven Erik Vaksdals vakre melodi. Med nydelig vokal av Astrid Kloster Særvoll måtte det bli bra, og det blei det.