F O R F A T T A R



       © 2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


Untitled Document FRÅ HULL TIL HOPEN


Framført av Nordic Tenors i deira kritikarroste show (Bella Notte) gjennom 2005 og 2006.


Der var kjærastar i kvar ei grend,

ved kjelde, sjø og straum.

Bare ei av desse lyser opp

milde bygder i min dimme draum.


Så no lyfter eg min sekk og fer,

No legg eg atter trøystig kjekt i veg.

Eg har tråla kvar dump frå Hull til Hopen.

Ja, og alltid høyrd’eg nytt om deg.


Der var kjærastar på myr og mo,

i li og skar og gjel.

Bare ei av desse opnar opp

grøne dalar i mi flate sjel.


Trålar nabolag på nabolag

etter ho eg støtt har mist.

Gjennom klesvaskar og reddikbedd,

ser eg ganske sikkert land til sist.


Så no lyfter eg min sekk og fer.

No legg eg atter trøystig kjekt i veg.

Eg har tråla kvar dump frå Hull til Hopen.

Ja, og alltid høyrd’eg nytt om deg.


Aasmund Kaldestad, Nordic Tenors, spurde om eg kunne laga ein tekst på melodien
”The leaving of Liverpool”. Det blei ein typisk Birketekst med ein heil haug vers. Til
scenebruk blei den skoren ned til desse tre. Kan henda dei resterande kjem for dagen
når (viss) den kjem på trykk ein gong.