F O R F A T T A R



       © 2006 Meridian Media Send E-post

 

Bøker CV/Oppdrag Månadens Birk Startsida
Antologiar Prisar BirkeArkivet  
Songar Rasmus Løland Birkenytt  


Untitled Document ENGLAVAKT OG KATT

Publisert i Hynsahus, 45 songar.


Bagom byen.

Bagom denne sløra mørknå.

Hu fins.

Lei dimme lys

løypene te bånns og endes.

Hu fins.


Rundt kvartalå.

Fremmande, brått høge festar.

Hu fins.

Kvasse skurar,

rushtrafikk og prikkbelasting.

Hu fins.


Ver trygge.

Hu har englavakt

og katt

i skumringsveggen.

Og et innelys så reint,

du vett du går kje feil.


Bagom byen.

Havnakneiper, freske sjansar.

Hu fins.

Mågeskrig langs morningkaiar.

Bjynnelsar or høge himlar.

Hu fins.


Ver trygge.

Hu har englavakt

og katt,

de ser na hjem, te porten,

der i skumringsveggen.

Og et innelys så lunt,

d’e klart

du går kje feil.


Skriven til ein nydelig, stillfarande, jazza melodi av Calle Apeland, cirka 1999. Eg har høyrt ein demo av denne med sjelfull vokal av ex-Vamp, Jan Ingvar Toft. Måtte nokon henta den fram frå gløymsla.