![]() Om ”13 humler”, 1996: ”13 humler”, songen, har i åra etter vore både ei velsigning og ei forbanning; ”the curse of the bumblebees”. Humlene har vonlig opna forfattarskapen for somme. Men dei prøver òg stadig vekk å dekka den til. Ja, ja. Men ein er framleis ikkje lei av songen. Kvar gong byrjinga kjem klirrande inn i rommet, og Tingeling svingar med staven, kjennest det litt godt, er ein litt kry for at ein har fått vera med på å trylla fram denne sommardagen. AB, sommaren 2006 |