august 2012
EG SLÅR PLENEN
Eg slår plenen. Også dei
krinklar av han som eg aldri, aldri
brukar å vera i. Dei kan komma til
nytte ein gong, likevel, tenker eg:
Ei høg truloving under
trea der. Ein stad å
mønstra troppane før det avgjerande
slaget.
Frå ”For alt eg veit,” 1996