Balladen om hålet i dørå
Dikt, Samlaget, 1983
Inneheld:
vie dagen te solå, håler i skyene, sol på Karmøynå og 56 andre dikt.
Tre linjer tekst:
langs skinnegangen
ei frostklare romjul:
hu du e glade i
Ei linje melding:
«Noe bortimot svaret på mi bøn.» Helge Rykkja, Dag og Tid
Omslagsill.: Janne Stensland
Adle de trøtte hestane
Dikt, Samlaget, 1985
Inneheld: langfredag, når mor di dø’, fine dag te drikka øl og 60 andre dikt.
Tre linjer tekst:
der står ein voksen mann
og spenne snø på hunden sin
eg tror de glade i kverandre
Ei linje melding:
«Sjarmere og når langt inn» Ove Røsbak, Hamar Arbeiderblad
John Lennon tenk deg
Gjendikting, Samlaget, 1987
Inneheld: ekta norsk tre (fuggel i trekk), balladen om John og Yoko, få ein sannhedsslump, mann og 67 andre gjendikta Lennon-songar.
Tre linjer tekst:
og når morningen kom
va u heilt vekk
fuggel i trekk
Ei linje melding:
«En kunstner har gjendiktet en kunstner.» Håvard Rem, Aftenposten
Draumar og dynejakker
Dikt, ungdom, Samlaget, 1989
Inneheld:
Kveldsvise 1 og 2, Kriminal, Klar vintersundag 1 og 2 og 47 andre dikt.
Tre linjer tekst:
Halda på deg.
Sjå regattaen blåsa forbi.
Og halda på deg.
Ei linje melding:
«Burde ha appell til mange.» Ragnar Hovland, Bergens Tidende
Omslagsill.: Malgorzata Piotrowska
Eg kan godt lika deg
Dikt, ungdom, Samlaget, 1991
Inneheld:
Me treng alle nokon, Julaftan etter gåvene, Tredje nyttårsdag og 58 andre dikt.
Tre linjer tekst:
usett adresse
i neven, eit herlig
tomrom i bringa
Ei linje melding:
«ein inkluderande poet som er glad i folk» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
Omslagsill.: Calina Yttredal
Ormen i Vaulavika
Dikt og tekstar, ungdom, Samlaget, 1993
Inneheld:
Gloppedalsura, Då katten kom tilbake, Den grimme grylen og 69 andre dikt.
Tre linjer tekst:
alveblåst og nøkkeroser,
tussegras og vasskalvar,
sauefjøs og sjømannssongar.
Ei linje melding:
«Fann mange strengar å spela på.» Randi Folkestad, Heimdrag
Omslagsill.: T. S. / Atle Aas
Inst inne
Roman, ungdom, Samlaget, 1994
Om korleis Bergfrid og eg finn vegen til jordas indre gjennom hola i fjellet Madlatua.
Tre linjer tekst:
I fritt fall no, frå open himmel. Kunne bare ana dei grøne skogane der nede, slik me låg til, i dei mjuke vindkasta.
Ei linje melding:
«Ein godt skjult skatt.» Janike Kampevold Larsen, Bergens Tidende
Omslagsill: Kjetil Finne
Øya bortafor den til King Kong
Prosatekstar, Samlaget, 1995
Om ein oppvekst med film / kino, popmusikk, teikneseriar, bibel.
Inneheld:
Landet Nod, Tastamannen, Det er djupt i Afrika og 102 andre tekstar.
Tre linjer tekst:
Himmelen er så blå. Han er nesten gul. Og det er ikkje ein sau på heile han. Men ei sy-pike, ein gasell, eit sjøslag og fire vulkanar.
Ei linje melding:
«Soler seg i glansen fra drømmefabrikkene.» Øystein Rottem, Dagbladet
Omslagsill.: Wallace Design & Illustrasjon
Det indre Tasta - Ei kattehistorie
Roman, Samlaget, 1996
Ein fabel om Katten som skal til Byhaugen for å bli stor. Og om dei gode hjelparane / disiplane hans – huldrekua, piggsvinet, den fulle guten og bussjåføren.
Tre linjer tekst:
-- Då eg var liten, seier bussjåføren, til dei som høyrer på. – Virka tusenårsskiftet ufattelig langt framme. Og spanande som den mest fantasirike Tarzan-filmen.
Ei linje melding:
«Boka byrja å leve til dei grader.» Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen
Omslagsill.: Wallace Design & Illustrasjon
For alt eg veit
Dikt, ungdom, Samlaget, 1996
Inneheld: Tida spring frå oss, Bibelen, Me seier god natt framfor trappa og 72 andre dikt
Tre linjer tekst:
Tredje dagen blir eg ståande og sjå
utover havet, medan eit piggsvin
puslar nett bakanfor ryggen min.
Ei linje melding:
«underfundighet og humor, i rikelig monn.» Truls Horvei, Haugesunds Avis
Omslagsill.: Wallace design & illustrasjon
Brua før Widecombe
Dikt og tekstar. Samlaget. 1997
Inneheld: Då Vår Herre kom til Priddy, Pussy, Road to Widecombe Fair. og 91 andre tekstar
Tre linjer tekst:
høyra Jimi
Hendrix - komma hylande
over åsen.
Ei linje melding:
«Verkeleg noko å ha» Hadle Oftedal Andersen, Dag og Tid
Omslagsill.: Brian Gerald / W. Madley. Design: Kine Røst
Valentin (raud, rosa, kvit dagbok)
Roman, ungdom. Samlaget, 1998
Om å venta på brev frå ei jente ein har treft på ein ferietur, over åsane, over åsane ein stad.
Tre linjer tekst:
Ropa etter postbilen, når han mest er forsvunnen nedi vegen der. – Men sjå etter då, menneske! Er det det då ingen verdas ting til meg?
Ei linje melding:
«Det er god grunn til å feire Valentin denne gangen.» Lars Mæhle, Stavanger Aftenblad
Omslagsill.: Lars Elling.
(og ho andre)
Dikt, draumar, ungdom, Samlaget, 1999
Inneheld:
Sebra eten ved elvebreidda, Førre gongen eg trefte deg, Langs skysten og 100 andre dikt og draumar.
Tre linjer tekst:
chips-skroga,
chips-skrønene,
chips-vraka.
Ei linje melding:
«Underfundig, infam, morosam, sår» Svein Grødaland, Jærbladet
Omslagsill.: Anne Kari Ødegård
To veker sist sommar. 69 songar
69 songar, gjendikting, Samlaget, 1999
Inneheld:
Ho flyt gjennom marknaden (trad.) To veker sist sommar (Dave Cousins) Himlane nordpå (Nick Drake) og 66 andre gjendikta songar frå 1969/70. Samt eit fyldig etterord: «Kor landet låg i 69: The Village Green Preservation Society».
Tre linjer tekst:
Men tankane og ølet gav slettes inga ro,
då merka eg at slanten hans var purpurraud som blod.
Denne karen som kalla seg Jesus. (etter Dave Cousins)
Ei linje melding:
«et artig prosjekt». Truls Horvei, Haugesunds Avis
Ein halvtimes stille i himmelen
Roman, ungdom, Samlaget, 2000
Om å fortapa / forgapa seg i ei nabojente ein aldri har prata med, ei som sit ute på trappa i kveldinga.
Tre linjer tekst:
Ho var ei skjør jente, greip eg meg i å tenka. Ho var ei skjør, fjern og flyktig ei. Ho kunne bryta saman, bryta opp, kva dag no som helst.
Ei linje melding:
«Slik er kanskje himmelen?» Inger N. Bråtveit, Magasinett.
Omslagsill.: Anne Kari Ødegård
Biblioteket på do.
Roman, barn, Samlaget, 2002 (på tysk, Die Bibliothek auf dem Klo, Onkel & Onkel, 2009)
Om:
«Eg-forteljaren sit lange stunder på doen i kjellaren. Der les han seg langt av stad og djupt inn i fantasien.»
Tre linjer tekst:
Kvar kveld reier orangutangane på Sumatra seg seng høgt i tretoppane. Breier lauv godt over seg, før dei legg seg til å sova.
Ei linje melding:
«Boka operer fritt mellom draum og realitetar.» Atle Christiansen, Dag og Tid.
Omslagsill: Anne Kari Ødegård
Kvar gong.
Dikt. Wigestrand, 2003.
Inneheld:
Kvar gong eg snur meg nedi vegen, veit, Kvar gong eg blar over, Laugharne og 59 andre dikt.
Tre linjer tekst:
morgonar, etter ei
snokald natt, vaknar eit
stokkandpar her ute.
Ei linje melding:
«Diktene til Birkedal er nære og varme.» Truls Horvei, Haugesunds Avis
Omslagsill.: Svein Tang Wa.
Det har komme ein komet.
Gjendikta dikt, barn. Samlaget, 2003
Inneheld:
Dansetær (Hannele Huovi), Engelen (Alexandur Kristiansen), Tre små karar ifrå Stokka (Alexandur Kristiansen) og 37 andre gjendikta nordiske dikt, + dikt av Eva Jensen og Finn Øglænd.
Tre linjer tekst:
Himmelen er ei gryte
som gir frå seg eit sukk
for kvart popkorn den lar falla (Hanne Kvist)
Ei linje melding:
«Tekstene er glimrende gjendiktet av Arnt Birkedal.» Agnes-Margrethe Bjorvand, barnebok.no
Omslagsill.: Inger Lise Belsvik
Hynsahus
45 songar. Wigestrand. 2004
Inneheld: Bolla Konditori, Pylsebussen hjem, Norgesglass (13 humler) og 42 andre songar.
Tre linjer:
Levere og leve. På sikt
bler veien ballade,
bler minnene dikt
(«Balladar langs veien»)
Ei linje melding:
Tekster som skal leses, synges, huskes, glemmes og hentes fram igjen. Tarald Aano, Stavanger Aftenblad
Omslagsill.: Melvær og Lien.
Is- og Donald-svingane
Dikt, unge. Samlaget. 2004
Inneheld: Timmi Grashoppe, Julas ånd, Kyrkjegarden på Revheim og 56 andre dikt
Tre linjer:
jentelus og marsvin,
klesvaskar, hundehus,
soveposar, badehetter («Gamle teikneseriar luktar»)
Ei linje melding:
«Ta til dykk av dette. Birkedal leverer varene!» Helge Torvund, Dagbladet
Omslag: Z Visuell kommnikasjon
Kva er i vegen på Bryne?
Foto / dikt. Bryne Offset. 2004
Kjell D. Ramsdal, foto, Arnt Birkedal, dikt.
Inneheld:
Eg gjekk ifrå dei like nedi svingen I – V, Dyrehagevinden blæs Kyrkjegard ytst ute og 12 andre dikt
Tre linjer:
Rundt nova:
flatfyll og
og heilag vind.
Omslag/alle foto: Kjell D. Ramsdal
Dyffel
Roman, unge. Samlaget, 2005
Om: Hovudpersonen har bestemt seg for at no er det jamt slutt. Når morgonen gryr vil han vera sol, støv og vatn...
Tre linjer:
Na na, alle metallsløydlærarar. Na na, alle små fyrar som bur i ein tunnel. Na na, alle gamle damer som bur i ein sko.
Ei linje melding:
«En opplevelse som gjør inntrykk og som varer.» Inger Marie Kjølstadmyr, Nationen
Omslag: Z Visuell kommunikasjon.
Gliper
Dikt, Samlaget, 2006
Inneheld:
Sallan, Allan, Uria har sete vaken, mens Og 50 andre dikt.
Tre linjer:
Glipene
i røynda. Røynda
i glipene.
Ei linje melding:
«Birkedal rissar røynda fram med inderlege, konkrete, årstidsnære bilete.» Helge Torvund, Dagbladet
Omslag: Blæst design / Jesper Egemar.
Kaninar og kaninar.
Forteljing for barn. Samlaget, 2006.
Illustrert av Bo Gaustad.
Om: Hovudpersonen har kaninar i lag med kameraten Stein. Ein morgon står kaninbura tomme.
Tre linjer:
Kan du tenka deg ein morgon mest tom for kaninar? Ein kaninlaus morgon.
Ei linje melding:
«Eit gullfunn av ei barnebok er Arnt Birkedals Kaninar og Kaninar.» Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad
Omslagsill.: Bo Gaustad
Hytteboka
Dikt, unge. Samlaget, 2007
Inneheld:
Godvêrssky, makrell, Peiselden – mot slutten, God knirk og 62 andre dikt.
Tre linjer:
Oppover i køyene
glitrar ei stjerneverd
mikrofonar.
Ei linje melding:
«Frigjerande og frekt.» Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
Omslag: Anne Kari Ødegård
Gaulevik
Roman, ungdom, Samlaget.
Om han eine stille guten som budde i Gaulevik, der dei gaula dag og natt…
Tre linjer:
Men det får vera grenser, tenkte han, guten, han tenkte det meir og meir, medan han sat og pugga og las, pugga og las og voks seg lang, tynn og hengslete.
Ei linje melding:
«ein konsis og presis fulltreffar» Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad
Omslag: Anne Kari Ødegård
Sinus
Dikt, Wigestrand, 2011
Inneheld: Ansiktslause frakkemenn, Pub Cardinal, Stavanger, Ei armhole av natta Og 65 andre dikt.
Tre linjer:
Sinus-slag:
Teltpluggar og telt.
Alle Turistforeiningas t-ar.
Ei linje melding:
«Plutselig spretter du med i ordlek og moro.» Bente Bing Kleiva, Bentebings Weblog
Omslag: Asbjørn Jensen
La stå!!
Roman, ungdom, Wigestrand, 2011
Om sjuandeklassen som tilsynelatande er heilt borte vekk. Og om Vaskehjelpa som brukar all si tid på å finna han att.
Tre linjer:
«Jentelus!» ropar Jan Rune. Og du kan formelig sjå jentelusa dala rundt den opplyste luggen og topphua hans.
Ei linje melding:
«Venleik, poesi, melankoli, humor, overraskande vinklingar og sprelske krumspring.» Eli Frisvold, Elis Lesebabbel
Omslag: Ivar Oftedal
Reint Sportslig
(ei julehistorie) Roman, ungdom, Wigestrand, 2012
Om Vaskehjelpa (frå La stå!!) som tar toget til Jæren for å freista å finna idrettens verd og ei jente som heiter Ragnhild.
Tre linjer:
Ei vaskehjelp sit livlaus på ein sparkstytting. – Me høyrde henne synga, seier dei siste som no freistar å rista liv i henne.
Ei linje melding:
«ei overdådig bok, med masse innfall og utfall.» Eli Frisvold, Elis Lesebabbel
Omslag: Ivar Oftedal
Dikt i utval
Wigestrand Forlag, 2013 Omslag og illustrasjonar ved Per Dybvig
Inneheld:
Tredje nyttårsdag, Sebra eten ved elvebreidda, Norgesglass (13 humler) Og 188 andre dikt over 310 sider
Inneheld òg eit etterord, «Den grimme grylen og vennene hans», av Ragnar Hovland
Tre linjer:
Etter han: Mjuke
pubhjørne, trygge
paraplytre.
Ei linje melding:
«Basunar! Ballongar! Fanfare! Kongens pylsebussmedalje! Helge Torvund, Dagbladets diktkammer
Ei beine att
Roman, ungdom, Wigestrand, 2013
Om Vaskehjelpa (frå La stå!! og Reint Sportslig) som døyr og kjem til himmelen, der ho vandrar innetter, blir engel, og ordnar opp i saker.
Tre linjer:
Ho vågar seg til å spørja: -- Er eg daud? – Ja, seier nattevakta. – No er du det. Kom no bare, seier han. – Det er stutt og lett veg ned til båten.
Ei linje melding:
«Unn deg desse perlene av nokre bøker.» Eli Frisvold, Elis Lesebabbel
Omslag: Ivar Oftedal
Svalesukk
Roman, ungdom, Wigestrand, 2014
Om guten og mora som reiser på - den nye - hytta når mora og faren skal skiljast. Og om å flytta eit svalereir med egg.
Tre linjer tekst:
No lyfter eg reiret høgt, og held det mot straum- linja. Eg vil at svaleparet, ei mor og ein far, ein hann og ei ho, skal sjå meg. Sjå meg, sjå reiret sitt.
Ei linje melding:
«Boka er vakker som ei folkevise.» Eli Frisvold, Elis Lesebabbel
Omslag: Per Dybvig
Geografi
Dikt, Wigestrand, 2016
Inneheld:
Emmaus, Betlehem endrar seg, Buene i heia Og 74 andre dikt.
Tre linjer tekst:
purra mine pirar,
klarera mine
brurejenter
Ei linje melding:
«genuint undrande» Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad
Omslagsill.: Asbjørn Jensen
Altså
Jenta som ikkje og Kringkastinga Roman, ungdom, Wigestrand, 2017
Om jenta som, i dei siste tider, tar arbeidsveka si i Kringkastinga. Det regnar kattar og hundar. Og vatnet og temperaturen på jorda stig.
Tre linjer:
Dag 101: På ei flytebrygge stod ein einslig sau og såg på dei med store auge. Slik at dei skulle, bare måtte hugsa han.
Ei linje melding:
«det er så vakkert skrevet at det er til å miste pusten av» Stein Erik Lunde, NBU-tipset
Omslagsill.: Asbjørn Jensen
Ellinga, meldinga, Sandnes-guten
Dikt, Wigestrand, 2019
Inneheld:
Neda (Sauefjøs ved flyplass-stripa), Utburden i Grøtheims-vatnet syng, Lamek Og 70 andre dikt – på rim.
Tre linjer:
Sus i krattskog, sus i serk,
Frå Himmel 7 til Madlamark,
Janne d’Ark og trælen Kark.
Ei linje melding:
«han Arnt er ein skald» Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad
Sennepsfrø - Natt til idrettsdag,
(Arnt Birkedal / Inger Lise Belsvik),
biletbok, Wigestrand, 2021
Tre linjer:
Dei lærer aldri noko viktig på skulen.
-Kvifor drøymer me? kunne læraren ha spurt.
-Og draumen, folkens, kva skal me med den?
Ei linje melding:
"Ei flott bok å lese som utgangspunkt for samtale, og kanskje før ein idrettsdag?" Irene Årbrekk Kalvatn, Nynorskbok.no