Kontakt

Ta gjerne kontakt med forfattaren direkte
eller via Norsk Forfattersentrum, Vestlandet.

OPPDRAG:

Arnt Birkedal tar dei fleste typar forfattaroppdrag.
Han kjem gjerne på skulebesøk, til dømes under overskrifta: «MEIR ENN 13 HUMLER». Han kan halda skrivekurs. Han kan snakka om, drøfta, innleia om: Eigen forfattarskap, Norsk barne- og ungdomslitteratur, Rasmus Løland, skrivesperre og mye anna.

Til dømes:
Inspirasjonskjelder, som bibelhistoria, England, Robin Hood, Tarzan, Donald Duck og Co, populærmusikk (The Beatles, John Lennon, Bob Dylan, The Beach Boys), og andre emne, som tekstar i populærmusikken, visetekstar, vetter (tuss og troll), kryptozoologi (dyr som – trulig - ikkje finst; sjøormar, mm ).

Men aller helst vil han jo komma og lesa frå bøkene sine, åleine eller - om det lar seg gjera - saman med musikarvenner.