September 2022:

Glad' i deg

Eg ska aldrig trampa graset
eller tråkka i salaten, 
eg ska aldrig banna høglydt
eller raba itte maden,
eg ska aldrig spenna dørå inn
eller tøffa meg med bilen min -
når eg e med deg.

Eg ska tåligt blåsa løvetannsfallskjermar
når du ligge der i korte skjorteermar,
eg ska dryssa lette kvide prestekragar,
eg ska kviskra deg forsiktigt adle dagar:
Eg e glad' i deg.

Eg ska aldrig sykla fra deg
eller ta fra deg aviså,
aldrig tenka: Ja, ka sa eg!
bag de siste, beste gliså.
Eg ska aldrig sei: Nei, hørr nå her, 
du kan kje gå i sånne kler -
når du e med meg.

Eg ska blåsa såbebobler gjønå luftå,
eg ska festa blomsten så du fant i kuftå,
eg ska vinka te deg når eg ser du komme,
eg ska dingla med på lykke og på fromme.
Eg e glad' i deg.  

Songen "Glad' i deg" - Stutt historikk:

1) Skriven i Haugesund cirka 1984 (med nokre fleire strofer) med tanke
på boka "adle de trøtte hestane", 1985, men han blei ikkje tatt med der.

2) Ein stuttare versjon av denne blei gitt ut på CD med Vamp i 1998,
med finfin melodi av Øyvind Staveland. 

3) Ein noko omskriven versjon av Vamp-songen, altså denne her, blei i 2004 
tatt med i boka "Hynsahus - 45 songar"  

4) Det er denne "nye" versjonen Kristin Svensen no har sett melodi til,
og som er med på albumet hennar, "Pylsebussen hjem", hausten 2022.